onsdag 6. mai 2009

Historieløyse er farleg

Foto: PETER LEIBING/AP, se resten av bildeserien på Aftenpostens nettside.

Eg trudde knapt det eg las, men i det gamle Øst-Tyskland (DDR) svarer 80 % av elevane at dei veit lite eller ikkje noko om DDR. Slik kan det gå viss ein ikkje tek eit oppgjer med historien (og der speler lærarane ein viktig rolle).

Vil du vite meir om jarnteppet, og Berlinmuren? Les i historieboka, og kikk gjerne litt nærare på artikkelen Det begynte med vannkanoner...
Og så ein aldri så liten digresjon: kva heiter det eigentleg når alt låser seg til eksamen: jarnteppe/jernteppe eller hjerneteppe?

Ingen kommentarer: